Hald av datoane 18. og 19. november og bli med på to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet!
Klimarisiko blir operasjonalisert på ulike måtar i litteraturen. I Klimathon2020 vil vi jobbe med korleis ulike forståingar av omgrepet kan nyttast i klimatilpassingsarbeidet. Målet er å finne fram til eit felles utgangspunkt for å forstå klimarisiko til vår vidare dialog og arbeid på feltet. Aktuelle spørsmål kan vere korleis vi tar omsyn til den ibuande usikkerheita knytt til klima- og samfunnsendringar som ligg fram i tid, eller korleis risikobaserte vurderingar handterer samansette effektar («compound effects») av samtidige klimarelaterte hendingar (t.d. overvatn, flaum og skred som følger av kraftig nedbør).
Klimathon er eit hackathon-inspirert arrangement, kor vi jobbar i tverrsektorielle grupper for å løyse utfordringar knytt til klimatilpassing i Norge. Med grunnlag i spennande gruppeoppgåver arbeider vi fram nye løysingar og ny innsikt i eit komplekst tema. Resultata blir samla og formidla til deltakarar og andre interesserte i etterkant av arrangementet.
Klimathon2020 er ein moglegheit til å samarbeide med nye kollegaer og utvide ditt kontaktnettverk på tvers av sektor og fag – ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid! Hovudmålgruppa er alle som jobbar med klimatilpassing i kommunar, andre offentlege etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar.
Vi haldar oss til nasjonale retningslinjer for smittevern og gjennomføring av arrangement.